Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

20 grisar drog til fjells for å bli feite

Bonde Trond Vidar Berge sender grisane til fjells. Han får ros av stjernekokk Sven Erik Renaa.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
05.07.2016 kl 17:28

Ein traktor køyrer forsiktig oppover grusvegen frå garden Nordåsen i Gjesdal. I tilhengaren er det 20 grisar som skal tilbringa sommaren i Grasdalen under Fannaleget.

Traktoren stoppar og passasjerane spaserer ut av tilhengaren. Dei tek straks til å utforska området dei skal bu på. 50 mål med grønt gras og bekkar er gjerda inn til dei. På førehand har dei vore utandørs ved garden for å bli vane med å gå i terreng.

– Det er kjekt å sjå grisane kosa seg i naturlege omgjevnadar, seier bonden deira, Trond Vidar Berge.

Ein flokk med nyfikne Charolais-kyr kjem gåande over åskammen for å sjå kva som er på gang. Dei blir ståande på høfleg avstand før dei tuslar tilbake der dei kom frå.

Grisevandring

Berge kjenner til fleire bønder i området som har grisar gåande ute. Ein finn mellom anna utegåande grisar på den økologiske garden Skjerabakken i Gjesdal. Men så vidt Berge veit, er han den einaste i nærleiken som tek dei med til fjells.

Han har henta inspirasjon frå Stølsvidda i Valdres. Der har dei arrangert grisevandring tilbake frå fjellopphaldet, og dette er noko også Berge vurderer.

– Det hadde vore show å få til eit opplegg rundt det, seier han, men han gjev førebels ingen lovnadar.

Folk er vane med å møta sauar og kyr til fjells. Men kva gjer ein om ein møter ein griseflokk på tur?

– Grisane er meir sosiale og nyfikne enn dei andre dyra. Dei vil truleg koma borti deg med nasen og nappa i kleda.

Oppfeiting

Grisane treng tilsyn kvar dag. Dei kan då vera spreidde over eit stort område, men Berge håper at dei vil koma til han når dei høyrer lyden av matbøtta, for den lyden har han lært dei opp til å lika.

– No veg dei kring 40 kilo. Eg skal fôra dei til dei blir 120 til 140 kilo, seier Berge.

I tillegg til det som er å finna i heia, skal grisane bli feite på mykje anna.

– Eg vil gje dei variert kosthald. Eg har ein avtale om å få kassert frukt og grønt frå Coop. Brød og meieriprodukt går også ned på høgkant. Eg håper på å få til ein avtale med dei som returnerer dette frå butikkane. Magen til grisen er rimeleg lik vår. Det som er godt for oss, er godt for grisen. Men av etiske årsaker gjev eg dei ikkje kjøt.

Kraftfôr må også til for å dekka behovet for eit allsidig kosthald.

– Men dei får dramatisk mindre kraftfôr enn dei andre grisane, seier bonden som også har innegris på garden.

Til saman leverer han 2100 grisar til slakt i året.

Kjøtkvalitet

I fjor hadde Berge to grisar gåande ute, og han smakte sjølv på resultatet.

– Dei hadde meir spenstige musklar og kjøtet var mørare. Me laga ribbe. Svoren blei sprø på en ny måte, for det var ikkje så mykje av det klissete feittet. Det var ei fantastisk smaksoppleving, seier Berge som i utgangspunktet ikkje er så glad i ribbe.

Sven Erik Renaa driv restauranten Re-Naa, som i år fekk Stavangers fyrste Michelin-stjerne.

– Kvaliteten på grisekjøt kjem an på kva dei har å eta. Me kokkar er alltid glade i dyr som har vore litt på fribeite, for det gjev andre nyansar i smaken enn ein får hos grisar som et tørrfôr heile året, seier han.

Renaa fortel at grisar får meir konsentrerte musklar av å bevega seg meir, nett som menneske. Men det må vera ein balanse slik at det ikkje blir for lite feitt i kjøtet, for feitt trengs i matlaging.

– Det er viktig med eit fast og fint kjøt. Men blir det for hardt, kan det bli for muskuløst og seigt.

Kokken synest det er fint at bønder tek i bruk utmarka.

– Eg liker å sjå at dyra me et har hatt eit lykkeleg liv, og at dei legg godt på seg.

Nyheter fra andre aviser

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!