Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Gigant-skip henta rekordlast i Dirdal

Gigant-skip henta rekordlast i Dirdal

Curacaou Pearl frå Bahamas var på besøk i Dirdal på torsdag. På fredag sette båten kursen for Calais i Frankrike med lasta. FOTO: Ahmad Odeh

Norstone måtte leiga inn ekstra arbeidskraft for å kunna levera 41.600 tonn grus og stein til Frankrike.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
23.10.2016 kl 14:12

– Me har aldri lasta så mykje, seier Jarle Gilje hos Norstone i Dirdal, som er i ferd med å byta namn til Norsk Stein.

Driftsleiar Gilje står og ser på båten Curacaou Pearl som er i Dirdal for å henta 41.600 tonn med stein og grus til det som skal bli ein ny ferjeterminal i Calais i Frankrike. Båten er 187, 5 meter lang og 29 meter brei.

– Det tilsvarar kring 1900 lastebil-lass. Produksjonen har teke oss 14 dagar, seier han.

Massen blir frakta gjennom tunellar i fjellet og kjem ut på to samleband som kvart kan frakta 1.800 tonn i timen.

Se bildet større

– Dei siste åra har me helst hatt lokale leveransar, fortel driftsleiar Jarle Gilje. FOTO: Ahmad Odeh

Verksemda i Dirdal sysselset 13, 8 årsverk. Dei fleste tilsette er lokale.

– Me har levert til offshore sidan 1978, der me mellom anna har bidrege med masse til planering av havbotnen, seier Gilje.

Derfor har også Norstone fått merka nedturen i oljebransjen. I tillegg opplever dei at konkurransen elles i marknaden er blitt tøffare.

– Tidlegare kunne me levera opptil ein million tonn i året. No er me nede på 600.000 tonn, fortel driftsleiaren.

Det har vore nedgang i talet på tilsette dei siste åra, men ifølgje Gilje er nedbemanninga knytt til naturlege avgangar.

– No som me har ei stor levering som dette, leiger me inn ekstra arbeidskraft, seier han.

I 2014 hadde Norstone i Dirdal 18 tilsette.

Nyheter fra andre aviser

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!