Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Inviterer til aktiv Halloween-feiring

Inviterer til aktiv Halloween-feiring

Då magikaren Alexx Alexxander besøkte Gjesdal i vår, blei det sett opp aktivitetsløype i Gjesdalhallen. Under Halloween-feiringa får ungane tilgang til liknande aktivitetar. Her tek Hedda Hammer sats for å hoppa vidare frå ein trampoline. FOTO: Kristine M. Stensland, arkiv

Ålgård Turnforening og Ålgård Håndballklubb går saman for å skapa gode Halloweeen-opplevingar for ungar.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
26.10.2016 kl 15:53

Halloween-feiringa er relativt fersk i Noreg, men på nokon år er det blitt svært så vanleg å markera den skumle kvelden. I år får gjesdalbuar endå eit alternativ.

Aktiv feiring

Nytt av året er at Ålgård Turnforening og Ålgård Håndballklubb inviterer til «Aktiv Halloween» i Gjesdalhallen den 28. oktober. Arrangementet er delt i to. Klokka 17. 30 er fyrste til tredje klasse velkomne, medan fjerde til sjuande får boltra seg i hallen frå klokka 19.30.

– Både me og turnen hadde tenkt tanken om at det hadde vore gøy å arrangera noko for ungane der me kunne skapa engasjement og gode opplevingar for alle. Derfor bestemte me oss for å gjera det i lag, seier Kristine N. Jøntvedt som er dagleg leiar i Ålgård Håndballklubb.

Valfridomen for deltakarane blir stor.

– Det blir diskotek i den eine hallen med musikk, lys og tjo og hei. I den andre blir det mange aktivitetar. Me køyrer ulike postar med ball og leik slik at ungane kan springa frå seg, seier Jøntvedt.

Se bildet større

Kristine N. Jøntvedt, dagleg leiar i Ålgård håndballklubb, inviterer saman med Ålgård Turnforening til ny satsing i Gjesdalhallen. FOTO: Håvard Ovesen, arkiv

Valfri utkleding

Deltakarane kan sjølv velja om dei vil kle seg ut eller ikkje.

– Det skal ikkje vera noko press på å kle seg ut. Målet er å ha det gøy, erklærer Jøntvedt.
Deltakarane vil bli møtt av ein inngang som er pynta til Halloween.

– Men me kjem ikkje til å ta heilt av med pyntinga. Me vil ikkje at nokon skal bli skremde bort. I hallen med aktivitetar skal det vera lys.

Dei som ønskjer seg ei skummel oppleving, skal rett nok få høve til det.

– Mellom inngangane skal me laga ein spøkelsestunell som ein kan gå gjennom om ein vil.

Henting

Foreldra er også velkomne til å følgja med inn.

– Me ønskjer at alle ungane skal bli henta slik at ingen blir skremde på vegen, seier Jøntvedt.

Den siste tida har skremmande klovnar fått stor plass i media.

– Me har ikkje gjort oss opp nokon tankar om klovnekostyme. Om nokon kjem som klovn, må me gjera alt for å la det gode vinna. Eg håper dei gode klovnane får ta klovnane tilbake.

Påmelding

Med to hallar og todelt arrangement, har arrangørane sikra seg god plass.

– Me vil ha førehandsbestilling slik at me kan ha nok vaksne til at arrangementet blir forsvarleg. Men det er også mogleg å kjøpa i døra dersom det er ledig kapasitet. Me kan ta to hundre om nok vaksne stiller opp.

Tysdag melder Jøntvedt på Facebook-sida til arrangementet at reservasjonane går unna, og at arrangementet for dei yngste er i ferd med å bli fullt.

– Det kostar 50 kroner å delta. Dersom det blir overskot skal me øyremerka det til nytt utstyr til barn og unge. Men hovudmålet er at me skal gå i null.

Ho ønskjer særskild flyktningar velkomne.

– Me har delt ut gratis billettar til dei. Me har framleis ein jobb å gjera med å visa dei tilbodet vårt, for mange kjem frå land der ein ikkje er kjend med handball.

Nyheter fra andre aviser

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!