Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Jegerklubben har selt eigedommen på Skurve

Jegerklubben har selt eigedommen på Skurve

Ørneredet, Bjørnestova og Storstova har fått nye eigarar. FOTO: Eiendomsmegler 1

Ein kjøpar har betalt over seks millionar kroner for arrangementslokale på Skurve.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
25.10.2016 kl 21:12

– Me har selt, men eg vil ikkje seia kven som har kjøpt, seier Harald Pedersen som er styreleiar i Jegerklubben AS.

Han kan røpa at kjøparane er «tålig lokale», og at dei ønskjer å driva bygga vidare i omtrent same spor som Jegerklubben.

– Bygga er bygde og drivne med ei hensikt. Det var mange interesserte, og det var i alle fall tre som heilt konkret ønskte å kjøpa. Kjøparane vil driva med selskapslokale og diverse liknande. Kjøpet er bra både for Skurve og for kommunen, seier Pedersen som ikkje brukte meir enn ei veke på å finna kjøparen.

Se bildet større

Harald Pedersen ser fram til å få meir tid til jakt og fiske. FOTO: Kirsten Håland, arkiv

Prisen på dei tre bygga var sett til 6,5 millionar kroner. Kjøparen har dermed overteke Ørneredet (182 kvadratmeter), Bjørnestova (267 kvadratmeter) og Storstova (426 kvadratmeter). Bygga rommar mellom anna jaktstove, bar, peisestove, kontor og kjøkken. I skildringa på finn.no kan ein lesa at bygga er eigna for arrangement som til dømes kurs, konferansar, bryllaup og konfirmasjonar. Bygga er frå 1996, og blei bygde av klubben.

Salet er ifølgje Pedersen ein del av eit strategisk val som blei teke for fem år sidan.

– Då dreiv me med alt mogleg rart. Me skulle bli pensjonistar, og me såg ingen som kunne overta alt det der. Derfor skilde me ut skytebanen, hotelltomta og desse bygga. Det er på tide å finna på noko anna, som til dømes fiske og jakt, seier 66-åringen.

Han fortel at skytebanen no er driven av Stavanger Jeger og Fiskeforening, og at Leilighetshotellet er drive separat.

Nyheter fra andre aviser

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!