Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Politikarane ville ikkje la bonde kjøpa jord til avtalt pris

Politikarane ville ikkje la bonde kjøpa jord til avtalt pris

Illustrasjonsbilde: Kristine M. Stensland

8.500 kroner blei gjenstand for debatt under førre møte i formannskapet.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
22.10.2016 kl 14:36

Tone Charlotte Blix Mæland søkte i fjor om å få frådela tre dekar landbruksareal frå eigedommen sin. Området ville ho selja som tilleggsjord til naboen Onar Lima. Prisen var sett til 40.000 kroner.

«Forsvarleg prisutvikling»

Lima treng konsesjon frå kommunen for å gjennomføra kjøpet. For at kommunen skal kunna gje konsesjon, må prisen ifølgje konsesjonslova vera i samsvar med «samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling». Dette skal reflektera verdien av driftsgrunnlaget på eigedommen.

Fleirtalet av politikarane i formannskapet kom fram til at avtalt pris ville utgjera ein for høg pris per dekar. Dei avslo derfor søknaden og sette ein makspris på 31.500 kroner som vilkår for godkjenning.

– Bakgrunnsteppet er at ein skal halda prisen på jord på eit nivå som gjer det mogleg å overta jord internt i familiar. Det er viktig at me ikkje utviklar eit prisnivå som gjer dette komplisert, sa Andreas E. Eidsaa jr. frå Kristeleg Folkeparti.

Presedens

Fleire av politikarane meinte summen det var snakk om, gjorde at saka var i grenseland for kva det var nødvendig å behandla i formannskapet. Men dei kom fram til at prisen per dekar vil gje presedens i komande saker, og at behandling derfor var høveleg.

– Det er eit lite jordstykke, men når ein gangar dette opp til større stykke, må ein legga same prinsipp til grunn, sa Tom Kalsås frå Arbeidarpartiet.

Høgre og Framstegspartiet gjekk inn for å godkjenna søknaden som han var.

– Eg har som grunnleggande haldning at marknaden skal regulera pris, sa Espen Aaserud Karlsen frå Frp.

Nøkkelord

Nyheter fra andre aviser

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!