Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Slutt for Jonas Burger og Kylling

Slutt for Jonas Burger og Kylling

FOTO: Håvard Ovesen, arkiv

Burger-restauranten som opna på Ålgård i mai, er no stengd.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
25.10.2016 kl 13:58

I mai opna Jonas Burger og Kylling ved sida av Værtshuset på Ålgård. I juli melde Gjesdalbuen at restauranten hadde sikra seg fleire faste kundar, men at dei store kundemassane førebels ikkje hadde dukka opp. «Det går tåleg bra», sa eigar Tommy Skjæveland då.

Jonas Burger opna også på Kåsen i Klepp.

Den 21. oktober kan ein lesa på Facebooksida til restauranten at heile kjeda er lagd ned.

«Me har lagt ned på grunn av dårleg inntening», skriv Terje Tveit i ein sms til Gjesdalbuen. Ifølgje Tveit var Jonas Burger organisert under selskapet JB Bystasjonen AS. Her er Tveit styreleiar. Dette selskapet er konkurs. Konkursen blei opna 18. oktober.

Tveit oppgjev at restauranten på Ålgård hadde to tilsette.

Nyheter fra andre aviser

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!