Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Kollaps i andre omgang for Oltedal

Kollaps i andre omgang for Oltedal

Jørgen Rege arbeidde kanllhardt i nitti minutt mot Sokndal, og var Oltedals bestemann i stortapet FOTO: Alf Inge Lima

Oltedal svikta totalt i generalprøva før semifinalen i OBOS-cup.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
27.10.2016 kl 13:31

Utgangspunktet før kampen var greit, Oltedal måtte vinna for å sikra seg andre plass i pulja i møtet med puljevinnar Sokndal. Oltedal var absolutt med på notane i første omgang, og omgangen var jamnspelt.

Sjølv om Oltedal hadde dei største sjansane, var også Sokndal farlege, spesielt på dødball. Andre omgang starta med eit solid Sokndal overtak, og då ein umarkert Rune Linneland fekk springa igjennom åleine med keeper, datt Oltedal heilt i saman.

Sokndal lekte seg med bortelaget den sioste halvtimen, og putta på tre mål til. Mykje å tenka på for trenarduoen Per Arne Oftedal og Frode Espeland, som på laurdag skal leda laget i semifinale i OBOS-cup mot Nærbø frå fjerdedivisjon.

Klarer oltedølane å reisa seg, og detonera ei ny cupbombe? Heimelaget inviterer uansett til cupfest på eige gras på laurdag,og håpar å mobilsera heimepublikum til rekordoppmøte til denne historiske kampen for Oltedal FK. Aldri før har dei kome så langt i denne cupen før, og kun ein kamp til må vinnast før dei er i finalen.

Nøkkelord

Kampfakta:

Fotball 5. divisjon, pulje 1
Sokndal IK- Oltedal FK 4-0 (0-0)
Hauge Kunstgress 22/10
Mål: 1-0 (58) Rune Linnerud, 2-0 (61) Mads Nesvold, 3-0 (79) Jørgen Midtbø, 4-0 (82) Jon Terje Omdal
Dommar: Morgan Hobberstad, Lye IL
Oltedals beste: Jørgen Rege
Oltedals lag (4-4-2): Roger Selvikvåg - Fredrik Skjold,Jacob Nødland Berntsen, Nikolai Oftedal, Petter Nødland Berntsen -Arve Espeland, Åsmund Idland, Kristian Pedersen, Kåre Idland, Jørgen Rege, Martin Rege.
Benytta innbyttere: Tor Magne Auestad, Robert Espeland, Roy Andre Salvesen, Haakon Pedersen.

Nyheter fra andre aviser

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!